Slik skal Operaen bevarast dei neste 100 åra

Publisert 18.04.2016

Operataket i Oslo blir no skanna og 3D-fotografert av forskarar. Målet er å finne ut korleis marmoren best mogleg skal takast vare på – i minst 100 år framover.

– Det som skjer her, er ein del av eit treårig EU-prosjekt, fortel prosjektleiar Resty Garcia i Statsbygg, der han står med beina planta på operataket. Oppdraget hans er å finne nye, gode løysingar for å halde marmoren kvit og rein, og å unngå misfarging i framtida.

Kveldsjobb

Garcia og tre tyske forskarar har kopla opp avansert kamera- og skannarutstyr. Dei ventar berre på at sola skal gå ned bak det mest populære taket i Noreg.

– Vi skal ta bilete av operataket fleire gonger dei neste tre åra. På dagtid varierer fargar og lys, så derfor gjer vi jobben om kvelden. Då sikrar vi at bileta blir tekne under dei same forholda, seier Max Rahrig, forskar ved Universitetet i Bamberg i Tyskland.

– Bileta skal dokumentere korleis steinen blir påverka av både vêr, forureining og reingjering, seier Garcia i Statsbygg.

Penslar marmoren

Seinare skal operataket penslast med forskjellige reinhalds- og impregneringsprodukt. Deretter blir det ein ny runde med 3D-skanning og fotografering for å sjå korleis marmoren reagerer.

Det vil gi ny kunnskap og nye metodar for vedlikehald av bygningar som bruker spesielle bygningsmateriale – som marmor.

Dei neste 100 åra …

– Operaen er freda og er eit viktig kulturhistorisk bygg. No skal vi finne ut av korleis Operaen skal takast vare på dei neste 100 åra, seier Garcia.

Teppet har gått ned for siste framsyninga ved Den Norske Opera & Ballett, straumen av turistar på taket har stilna, og sola har gått ned. Det betyr at det tyske forskarteamet får begynt arbeidet med å ta bilete av den velkjende Carrara-marmoren.

– Det er ei magisk stemning med stjerner, eit lyssett operatak og utsikta til fjorden, seier Rahrig, som ser fram til å komme tilbake om nokre månader for ein ny runde med fotografering og skanning.

Fakta

- Forskingsprosjektet NANO Cathedral skal utvikle nye materiale, teknologiar og prosedyrar for restaurering og bevaring av stein i gamle katedralar og andre monumentale bygningar-

- Operaen i Oslo er den einaste moderne bygningen i prosjektet. Dei andre bygningane er Duomo de Pisa i Italia, Kölnerdomen i Tyskland, Sint Baafs Katedral i Belgia, Stefandomen i Austerrike og Katedral de Sta. Maria i Spania.

- Blir støtta av EU med 6,3 millionar euro. Statsbyggs del er 273 000 euro.

Kontakt

×