Statsbudsjettet: Rekordhøgt investeringsnivå i 2017

Publisert 06.10.2016

Statsbyggs investeringsbudsjett aukar med 600 millionar kroner i 2017 i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Dette er på grunn av at fleire store prosjekt no er inne i ein aktiv byggjefase. 

Spesielt store prosjekt som Prosjekt Nytt Nasjonalmuseum, Campus Ås, Medisin og helseutdanning ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og Noregs idrettshøgskole er godt i gang. Det er den viktigaste grunnen til at Statsbyggs investeringsbudsjett blir auka med 600 millionar kroner samanlikna med budsjettet for 2016.

– Det blir foreslått eit rekordhøgt investeringsnivå i 2017. Dette er fordi det er mange store byggjeprosjekt som no går vidare, og då er det riktig at statsbudsjettet speglar det, seier administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg.

I tillegg til løyving til dei nemnde prosjekta har Statsbygg fått midlar til mellom anna dette:

  • Nye fengsel: 45 millioner til to nye fengsler i Agder, i tillegg til 50 millionar til ekstraordinært vedlikehald av fengselsporteføljen.
  • Nye bygg for Arkivverket: Det er foreslått å løyve midlar til oppstart av bygging av nybygg av norsk helsearkiv på Tynset med sikte på byggjestart i løpet av sommaren 2017. Det blir samtidig lagt opp til nytt arkivmagasin i Rana. Til saman er det løyvd 50 millionar kroner til dette.
  • Nasjonalbiblioteket, nytt sikringsmagasin: Det er foreslått ei løyving på 5 millionar til nytt sikringsmagasin for Nasjonalbiblioteket i Rana.
  • Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo: 10 millionar kroner til oppstart av skisseprosjekt for eit nybygg på Gaustad i Oslo. Prosjektet skal samlokalisere Odontologisk fakultet, tannteknikar-utdanninga og Tannhelsetjenestens kompetansesenter øst.
  • Museet i Tromsø: Det er foreslått 5 millionar til oppstart av prosjektering av nytt universitetsmuseum.

– I tillegg til gigantprosjekta Nasjonalmuseet og Campus Ås har vi fått løyvd pengar til mellom anna prosjektering av Livsvitenskapsbygget og Vikingtidssamlingen ved Universitetet i Oslo i tillegg til nytt regjeringskvartal, seier Nikolaisen.

Kontakt

×