Statsbygg åpner dørene i jubileumsåret

Publisert 19.04.2016

I 2016 feirar Statsbygg 200 år, og i jubileumsåret opnar vi ei rekkje av bygningane våre for publikum. Måndag lanserte administrerande direktør Harald Nikolaisen lista over kva for nokre, og lanseringa blei halden på ein av dei mest lukka av eigedommane – Botsfengselet. 

I tillegg til Botsfengselet skal Statsbygg opne rundt 45 bygningar rundt i heile landet helga 24.–25. september. Arrangementet blir lansert i eit eige program i jubileumsutgåva av kundemagasinet vårt, Åpent rom, i september.

200 år lang historie

At Statsbygg feirar 200 år i 2016, berre to år etter 200-årsjubileet til Grunnlova, er ikkje tilfeldig. Med nasjonsbygginga kom òg behovet for oppføring av nasjonale bygningar. Statsbygg har bygd i takt med skiftande behov og politiske prioriteringar. Bygningane er blitt ein viktig del av arkitekturhistoria i landet, så vel som av den nasjonale formuen.

Botsfengselet

Botsfengselet (Oslo fengsel avd. A) frå 1851 er det eldste fengselet i Noreg som framleis er i bruk. Fengselet er teikna av arkitekt Heinrich Ernst Schirmer, basert på prinsipp om rehabilitering av individet gjennom bot og isolasjon. Fengselet bestod opphavleg av ein sentralhall og tre fløyer, slik at éin person kunne overvake alle korridorane (panoptikon-arkitektur). Luftegardane var delte inn i «strålar» for individuell lufting. Frå eit halvsirkelforma tilbygg på enden av kvar fløy var det éi dør ut til kvar luftestråle.

Fengselet er freda.

×