Statsbygg feirar 200 i Åpent rom

Publisert 15.09.2016

Bli med oss i feiringa av Statsbyggs 200 år i siste nummer av Åpent rom! I tillegg til mykje nytt og nyttig stoff får du òg programmet for helga 24.–25. september når vi opnar 40 av eigedommane våre for publikum.

Jubileumsutgåva av Åpent rom kjem som vedlegg i fleire av avisene rundt om i landet, og mange som ikkje abonnerer til vanleg, vil få gleda av å lese magasinet og bli kjend med dei mange oppgåvene Statsbygg har. Gamle som nye lesarar vil finne interessant stoff om sju av dei største byggjeprosjekta til Statsbygg – prosjekt som på ulike måtar er med på å forme framtida. Blant dei finn du det nye Livsvitenskapssenteret ved Universitetet i Oslo, som blir Noregs største universitetsbygg og skal romme forsking i eliteklassen. Også Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, NMBU, markerer seg som banebrytande innan forskings- og utdanningssektoren, og for NMBU byggjer vi ut Campus Ås. Vikingtidsmuseet, det nye Nasjonalmuseet og Kunst- og designhøgskolen i Bergen byr òg på arkitektur og miljøtiltak av ypparste klasse.

Treff fem statsbyggjarar som presenterer svært ulike sider av det å jobbe i Statsbygg, frå drift og forvaltning av eigedom, via analyse og kontrollverksemd til spesielle fagområde som jordskjelvsikring og leirskredfare.

Statsbygg eig mange bygningar som har vore med å forme Noreg. I dette nummeret av Åpent rom tek vi deg med innom Austråttborgen i Sør-Trøndelag med ei historie heilt tilbake til år 1000, og til Operabygget som har sett Noreg på kartet som kulturnasjon. Og då Statsbygg opna Frøkvelven på Svalbard var merksemd frå heile verda retta mot bygget som skal sikre matfrø for kommande generasjonar i tilfelle katastrofar.

I løpet av desse 200 åra har Statsbygg vist evne til både å ta vare på kulturarven og samtidig tenkje nytt, kreativt og klimavennleg. Det lovar godt for nye 200 år.

Eva Kvandal
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 90173330
Send e-post

Les siste nummer av Åpent rom + Program for Åpne hus

Åpent rom 2016 nr 2
Åpent rom
Les tidligare nummer og abonnér
×