Statsbygg jubilerer i Åpent rom

Publisert 18.05.2016

Statsbygg har vore i kontinuerleg utvikling sidan den spede starten i 1816. Frå å vere ei deltidsstilling for ein «Bygningskyndig med Hensyn til offentlige Bygninger og Anlæg» har Statsbygg vakse til ei moderne forvaltningsbedrift med over 900 tilsette. Siste utgåva av Åpent rom viser nokre av høgdepunkta frå den 200 år unge jubilanten Statsbygg.

Den norske residensen i Washington er blant bygningane som har betydd noko spesielt for landet. Her var kronprinsesse Märtha hyppig gjest då ho og barna Ragnhild, Astrid og Harald oppheldt seg i USA under andre verdskrigen. I Åpent rom kan du lese om korleis Statsbygg har renovert bygningen med nennsam hand og samtidig bevart det historiske suset.

Urbygningen på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet er ein annan bygning som har vore viktig historisk sett. Ås har vore hovudsete for høgare utdanning innan landbruk heilt sidan 1897, og den tidlegare Landbrukshøgskolen blei bygd som ein campus med 28 bygningar, alle teikna av arkitekt Ole Sverre. No har Statsbygg restaurert Urbygningen i samarbeid med Riksantikvaren og samtidig tilpassa bygningen til moderne krav om tilgjenge for alle og moderne undervisningsutstyr.

I Åpent rom kan du òg lese om dei gamle bygningane til Norges geografiske oppmåling (NGO) i Oslo og Geofysisk institutt i Tromsø, som begge var utstyrte med spesialrom som trykkeri og teiknesal (NGO), magnethus og observasjonsplattform (Geofysen). I sistnemnde bygning er det funne brev frå sjølvaste Roald Amundsen som takka for all hjelpa han hadde fått frå instituttet i samband med ekspedisjonane sine. Det seier litt om kor viktig Geofysen var i tidlegare tider.

Du kan òg lese om restaureringa av Rosenkrantztårnet i Bergen, Arkeologisk museums fortid som meieri i Stavanger og Statsbyggs akustikar gjennom mange år, og mykje, mykje meir.

Kontaktperson

Les nyaste Åpent rom:

Åpent rom 2016 nr 1
Åpent rom
Les tidlegare nummer og abonnér!
×