Statsbygg lanserer Digibygg

Publisert 16.11.2016

Statsbygg skal byggje Noregs smartaste bygg – og det blir heildigitalt.

Det nye byggjeprosjektet, som får namnet Digibygg, skal planleggjast berre ved hjelp av digitale arbeidsprosessar. Gjennomføringa vil innebere at alle prosjektmedarbeidarar vil bruke dei beste digitale verktøya på marknaden. Når bygget står klart, skal det driftast ved hjelp av mellom anna stordata, sensorteknologi og fjernstyring.

– Det skal bli eit digitalt bygg i verdsklasse. Digitalisering vil gi funksjonelle, fleksible bygg av høgare kvalitet for mindre pengar. Det seier Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.

Tek digitaliseringa på alvor

Å skreddarsy bygg etter dei behova brukarane har, er ei kjerneverksemd i Statsbygg. Det nye digitale bygget skal gjere nytte av stordata, Big data, til å optimalisere bygget ut frå brukarane sine behov, noko som tek denne skreddarsaumen eit steg vidare.

– Det er på tide at byggjebransjen tek digitaliseringa på alvor. Vi ønskjer med denne satsinga å samarbeide med innovative leverandørar og begynne å tenkje kreativt på kva slags teknologi som er relevant for oss, seier Nikolaisen.

Kan setje standard for bransjen

Metoden for å planleggje eit slikt byggjeprosjekt er enno ikkje fastlagd, så dei som ønskjer å samarbeide om dette, vil kunne få vere med på å stake ut kursen mot ein ny bransjestandard.

– Vi ønskjer å bruke dette prosjektet til å løfte fram det fremste innan digitalisering av byggjeprosjekt og styring av bygg og håper dette kan bidra til heile bransjen, seier Nikolaisen.

Kven som skal halde til i det nye bygget, er enno ikkje bestemt. Men vi trur mange statlege funksjonar kan ha interesse av eit hypermoderne bygg som er tilrettelagt for framtidsløysingar, som for eksempel universitet, museum eller administrasjonsbygg.

Digibygg

– inneber heildigital planlegging og prosjektering med digitalt støtta arbeidsprosessar
– er eit papirlaust byggjeprosjekt der alle involverte vil ta i bruk dei beste digitale løysingane på marknaden
– har ein felles digital modell for planlegging, prosjektering, bygging, drift og forvaltning
– bruker eit drifts- og vedlikehaldssystem som inkluderer stordata, sensorteknologi, fjernstyring av eigedomsdrifta, fibernettverk som erstattar for kabling osv.
– er eit lærande bygg, der tilbakemeldingar frå brukarane automatisk fører til optimalisering av ytingar i bygget.

Harald Vaagaasar Nikolaisen
Administrerende direktør
Mob. 91370521
Send e-post
Marianne Sømme
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 97662775
Send e-post
×