Statsbygg med i nytt forskingssenter

Publisert 26.05.2016

Statsbygg bidreg med Noregs mest klimavennlege campus i eit nytt forskingssenter, som blei lansert i dag.

Det nye forskingssenteret byggjer på forskingsprosjektet Zero emission buildings (ZEB), der Statsbygg har hatt ei viktig rolle som partnar og styremedlem sidan 2009. Det nye forskingssamarbeidet har fått namnet The Research Centre on Zero Emission Neighbourhoods in Smart Cities / Forskingssenter for nullutsleppsområde i smarte byar (ZEN).

– Det nye senteret utvidar perspektivet til å gjelde heile nabolag og byar i staden for å konsentrere seg om enkelte bygg. Vi gler oss over å halde fram samarbeidet med SINTEF, NTNU og dei andre samarbeidspartnarane i prosjektet, seier administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg.

Statsbygg bidreg med den mest klimavennlege campusen i Noreg

Campus Evenstad ved Høgskolen i Hedmark er eitt av sju pilotprosjekt. Her testar Statsbygg fleire ulike miljøteknologiar og samspelet mellom desse.

På same eigedommen set Statsbygg opp eit nytt administrasjonsbygg. Det vil bli det mest klimavennlege bygget i heile Noreg ved ferdigstilling i år. Det nye prosjektet vil vere det første norske nullutsleppsbygget som oppnår såkalla ZEB-COM-nivå. Det vil seie at den fornybare energien bygningen sjølv produserer, vil kompensere for utsleppa frå bygget, både i oppføring, materialbruk og drift i levetida til bygget.

– Nivået på administrasjonsbygget ved Campus Evenstad er banebrytande. Innan 2030 skal Statsbygg kunne levere berekraftige nullutsleppsbygg. Vi siktar mot ein klimanøytral eigedomsportefølje som òg er godt rusta mot klimaendringane, seier Nikolaisen.

Fakta

Olje- og energiminister Tord Lien og Norges forskningsråd annonserte 26. mai at NTNU og SINTEF blir vertskap for eit nytt forskingssenter kalla Forskningssenter for miljøvennlig energi (FME ZEN). Ramma for senteret er 400 millionar kroner fordelte over åtte år.

Statsbygg var sentral i oppstarten av forskingsprosjektet ZEB, som blir avslutta i 2016.

Les meir om ZEN

Les meir om ZEB

Kontakt

×