Statsbygg som rådgivar og utviklar

Publisert 12.05.2016

Ja, vi gjennomfører byggjeprosjekt og forvaltar eigedommar, men Statsbygg er òg rådgivar for statlege verksemder når lokalbehova oppstår og løysingar skal veljast. 

Statsbygg har ei rolle som rådgivar for statlege verksemder når det oppstår behov for nye eller endra lokale. Rådgivinga vår skal hjelpe til med å gi ei god oversikt over alternative måtar å løyse lokalbehovet på. Med dette bidreg Statsbygg til at staten etterspør dei beste løysingane. Og vi er med på å effektivisere heile arealbruken til staten.

Nettsider om rådgiving og utvikling

På nettsidene våre kan du no lese meir om Statsbyggs rådgivings- og utviklingsverksemd.

Bli klokare når det gjeld nye arbeidsformer, arealeffektivitet og brukskvalitet. Få på plass omgrepa innanfor konseptutgreiing og tidlegfaseutgreiingar. Sjå kva vi bidreg med innanfor arealplanlegging. Les om arbeid med områdeutvikling og transformering av statleg eigedom frå ein bruk til ein annan, og om kva vi gjer for dei statlege verksemdene som leiger lokale i den private marknaden.

Rådgivings- og utviklingsarbeidet vårt er viktig for staten og dei mange verksemdene til staten. Men det påverkar òg alle som ferdast i det offentlege rommet. Områdeutvikling, transformeringar og reguleringar skaper stort engasjement.

Så anten du er tilsett i statleg verksemd med ansvar for lokale, har det daglege arbeidet ditt på ein av eigedommane våre eller er oppteken av korleis byane og områda våre elles utviklar seg, er dette ein stad å begynne for å forstå meir.

Sterk auke i oppdrag

Vi har lagt ned mykje arbeid i vidareutviklinga av rådgivingsfunksjonen vår dei siste par åra, og etterspørselen etter desse tenestene er aukande.

Frå 2014 til 2015 auka dei fakturerte rådgivingsoppdraga våre frå 3,3 til 11,4 millionar kroner.

I 2015 etablerte vi heile 18 nye rådgivingsoppdrag knytte til leigeavtalar i den private marknaden.

×