Bergen museum nominert til pris

Publisert 26.10.2016

Aulaen og museumskafeen i Bergen museum er saman med fem andre prosjekt nominert til Bergen kommunes arkitektur- og byformingspris 2016. Statsbygg har restaurert aulaen for Universitetet i Bergen, og bygningen blei offisielt gjenopna i fjor haust.

– Sidan bygningen er freda, har vi brukt innovative løysingar mellom anna når det gjeld å skjule tekniske anlegg. Det er derfor fint å sjå at restaureringsarbeidet er blitt lagt merke til, seier prosjektleiar i Statsbygg, Geir Barton Torsæter. – Resultatet er blitt ein tidsriktig festsal i eit av dei eldste museumsbygga i landet, som samtidig er topp moderne med nye heisar, elektriske dørpumper og gatevarme.

b+b arkitekter AS har vore arkitekt og Obas Vest AS har vore totalentreprenørar for aulaen på Bergen museum.

Bergen kommunes arkitektur- og byformingspris blir delt ut kvart år til bygg og anlegg som i samspel med omgivnadene tilfører staden nye kvalitetar i innhald, formgiving og materialbruk. Statsbyggs store byggjeprosjekt på Kronstad for Høgskolen i Bergen vann prisen i 2015.

Kontakt

Geir Barton Torsæter
Prosjektleder
Mob. 95 79 65 35
Send e-post
Eva Kvandal
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 90173330
Send e-post
×