Statsbyggstafetten i mål

Publisert 22.06.2016

Statsbygg markerer 200 år med Noregs lengste stafett og har no komme i mål.

Ryggsekken som har farta mest rundt i landet, har blitt frakta fleire tusen kilometer av hundrevis av Statsbygg-tilsette. Stafetten har vore innom regjeringskonferanse med Erna Solberg og besøkt nær 80 statlege bygg frå Svalbard til Kristiansand.

Fem månader etter at startskotet gjekk i Longyearbyen, er stafetten no kommen i mål på Statsbyggs mest folkekjære bygg: Operaen i Oslo.

Nasjonsbygging

– Statsbygg er to år yngre enn Grunnlova og har vore ein viktig del av nasjonsbygginga. Derfor markerer vi 200-årsjubileet med å vise mangfaldet av eigedommane våre, seier Hege Njaa Aschim, kommunikasjonsdirektør i Statsbygg.

Statsbygg rår over 2,8 millionar kvadratmeter eigedom med mellom anna høgskolar, ambassadar, fengsel, barnevernsinstitusjonar, museum og tollstader.

Har vekt oppsikt

– Stafetten har vekt oppsikt og har medverka til å gi folk eit innblikk i dei mange og varierte arbeidsoppgåvene driftsfolka våre utfører på eigedommane, seier kommunikasjonsdirektøren.

På ferda Noreg rundt har sekken vore med på lunsj med regjeringa, overnatta i fyllearresten, frose i ei fjellstove på Finnmarksvidda, blitt fortolla på Svinesund og fått pleie av sjukepleiestudentar i Molde. Stafettsekken har blitt frakta frå eigedom til eigedom med hundespann, blålys-eskorte, elsykkel, ski, dresin, hest og kjerre, RIB, kajakk, seglbåt, fallskjerm, sjøfly og veteranbuss.

Bilete frå stafetten er lagde ut på Instagram #statsbyggstafetten.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×