Stiller ut planforslaget til nytt regjeringskvartal

Publisert 24.06.2016

Statsbygg har lagt fram forslaget sitt til reguleringsplan for nytt regjeringskvartal. Forslaget blir presentert i ei utstilling i 22. juli-senteret, paviljongen i Høgblokka.

Utstillinga opnar kl. 14.00 fredag 24. juni og vil bli vist fast framover.

Utstillinga viser illustrasjonar av éi mogleg utbygging av Regjeringskvartalet innanfor ramma av reguleringsplanforslaget. I reguleringsplanen blir høgder, utnytting, lokalisering av plassar og gater og kvar det kan byggjast, fastsett. Korleis bygningane skal sjå ut eller utformast, kjem i neste fase.

Forslaget til reguleringsplan for nytt regjeringskvartal skal på offentleg høyring hausten 2016. Etter ei oppsummering og vurdering av innspela skal Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedta reguleringsplanen.

Tidlegare har Statsbygg hatt to andre utstillingar i 22. juli-senteret:

  • Forslaga i parallelloppdraget
  • Tilrådinga av byformprinsipp 

Reguleringsplanforslaget blir òg presentert her på nettsidene våre.

Tid og stad

Stad: 22. juli-senteret, paviljongen i Høgblokka
Tid: Frå kl. 14.00 fredag 24. juni 
Opningstider: måndag til laurdag: kl 10.00-17.00
søndag: kl 12.00-16.00.

Kontaktperson

Pål Weiby
Kommunikasjonsleder
Mob. 92233395
Send e-post

Last ned:

×