Store utsleppskutt i nye bygg

Publisert 20.02.2016

Nye statlege bygg kjem til å vere med å gjere store kutt i klimagassar, viser ei ny oversikt frå Statsbygg. «Best i klassen» blir Campus Evenstad og nytt Nasjonalmuseum. 

Største relative utsleppsreduksjon oppnår nybygget på Campus Evenstad, ved Høgskolen i Hedmark, med null utslepp. Største samla kutt frå eit bygg kjem frå nytt Nasjonalmuseum i Oslo.

– Statsbygg tek klimaansvar. Statlege bygg som blir opna i åra framover, vil føre til at det blir store kutt i utsleppa av klimagassar, seier Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.

Største prosentvise kutt i klimagassar

  • Høgskolen i Hedmark, nybygg på Campus Evenstad
    100 prosent kutt, 900 tonn CO2-ekvivalentar gjennom levetida til bygget. Blir eit nullutsleppsbygg med bruk av massivtre og kombinert varme- og straumproduksjon basert på lokalprodusert flis.
  • Høgskolen i Søraust-Noreg, studenthus i Porsgrunn
    60 prosent kutt, 700 tonn CO2-ekvivalentar. Får solcelleanlegg på taket og skal produsere overskotsstraum som skal leverast ute på nettet.
  • Nytt Nasjonalmuseum i Oslo
    50 prosent kutt, 88 000 tonn CO2-ekvivalentar. Tek i bruk varmepumpe med sjøvatn som energikjelde i tillegg til å bruke lågkarbonbetong.
  • Universitetet i Oslo, Livsvitenskap, nybygg
    50 prosent kutt, 52 300 tonn CO2-ekvivalentar. Tek i bruk klimavennleg betong og solcelleanlegg.
  • Brønnøysundregistra, nybygg
    31 prosent kutt, 13 000 tonn CO2-ekvivalentar. Klimavennleg betong og høgeffektiv varmepumpe.

Kutter i utsleppa i Noreg

Dei fem byggjeprosjekta vil føre til eit samla utsleppskutt på 155 000 tonn CO2-ekvivalentar gjennom levetida til bygga. Det utgjer 0,29 prosent av dei samla utsleppa i Noreg og er like mykje som oljeplattforma Balder slepper ut på eitt år. I tillegg kjem enkelte andre nye bygg som med gode klimaløysingar vil føre til endå større kutt i utsleppa.

– Dette viser at vi er på rett veg. Likevel må vi strekkje oss endå lenger for å nå målet om eit nullutsleppssamfunn, seier Nikolaisen.

Klimaløft

Bygg står for ein tredel av alle klimagassutsleppa i verda og 40 prosent av energiforbruket. Statsbyggs bidrag til det store klimaløftet i Noreg er å kutte utsleppa frå alle nye bygg med i snitt 30 prosent fram mot 2018.

På sikt skal utsleppa ned i null.

Slik måler vi

Statsbygg bruker programmet www.klimagassregnskap.no for å rekne ut klimagassreduksjonar i byggjeprosjekt. Reduserte klimagassutslepp blir målte mot referansebygg som representerer det same bygget som er under planlegging i form og omfang, men med minimumskrav for energiløysingar etter gjeldande krav i teknisk forskrift, standard materialval og transport til og frå bygget. Bygget vi prosjekterer og seinare byggjer, blir optimalisert ved å velje løysingar som gir lågare klimagassutslepp enn standardløysingar.

Kontaktpersoner

×