Student-app gjer bygg smartare

Publisert 05.07.2016

Statsbygg er med i eit unikt forskingsprosjekt som skal gjere bygg smartare gjennom nye, digitale løysingar.

Studentar ved Høgskolen i Østfold i Halden har no teke i bruk ein spesiell app som dei har vore med på å utvikle sjølve.

– Med den nye appen kan eg enkelt og raskt melde frå om både temperatur og luftkvalitet i det aktuelle rommet. Dette er med på å gjere høgskolen til ein endå betre stad å opphalde seg, seier student Hege Rødsdalen.

Nytt verktøy

Eit treårig forskingsprogram er no avslutta. I tillegg til den nye appen er det utvikla eit dashbord som viser tilstandsdata om energi og inneklima i sanntid.

– Vi har utvikla digitale verktøy som er unike i norsk samanheng. Prosjektet viser at enkle, digitale løysingar kan gi store gevinstar. Dette vil bidra til betre inneklima og optimalisert areal- og energibruk i bygga i framtida, seier Bjørne Grimsrud, strategi- og utviklingsdirektør i Statsbygg.

Det er Statsbygg, NCE Smart Energy Markets, Høgskolen i Østfold, Tiny Mesh, Serinus Technology og eSmart Systems som har jobba saman med studentar på campus Remmen i Halden for å utvikle appen og dashbordet.

Smartare bygg

– Dei nye løysingane tek driven innovasjon og digitalisering på alvor og vil bidra til smartare og digitalisert forvaltning av nye bygg, seier prosjektleiar Bernt Bremdal i NCE Smart.

Dermed kan bygg styrast betre, «lære» av dataa som kjem inn, og problem blir avdekte og løyste med ein gong. Løysinga er smidig og krev lite vedlikehald.

– Prosjektet har vist innovasjonskrafta i møtet mellom Statsbygg, gründerar og studentar. Vi er på sporet av den heildigitaliserte eigedomsforvaltninga vi vil sjå i framtida, seier Grimsrud i Statsbygg.

Sjå filmen

 Dette er Remmen-prosjektet

– Brukarane melder frå på appen om inneklima og temperatur bør endrast. Meldinga blir send til eit dashbord, som knyter denne informasjonen til data som blir sende frå trådlause sensorar og energimålarar som er plasserte rundt i bygget.
– Dei driftstilsette i Statsbygg får ei tilstandsbeskriving via dashbordet, som viser status for inneklima, brukt energi og brukarbelastning i undervisningsrom. Dette blir kopla til ein BIM-modell som gir meir tekniske detaljar knytte til tilstanden i bygget.
– Prosjektet har vist korleis ein kan oppnå energioverskot frå eit eksisterande bygg som kan vekslast mot straumnettet. Dette kan knytast til «smart grid» og gjere at stadig fleire bygg blir energipositive.
– Byggjer på samarbeid mellom Statsbygg og NCE Smart Energy Markets sidan 2011, noko som har hjelpt fram nye norske bedrifter som leverer nye tenester og produkt for byggjenæringa.

Kontakt

Morten Dybesland
Avdelingsdirektør
Mob. 47057410
Send e-post
×