To nominasjonar på to veker

Publisert 26.10.2016

Norsk reiselivsmuseum i Balestrand held fram å imponere fagmiljøa i landet. No er det lysdesignarane som nominerer praktbygget til pris, for beste utandørsprosjekt.

– Fasadebelysninga for Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand formidlar innhaldet og meininga med museet. Prosjektet viser at lysdesign kan vere formidlar av innhald og merkevare, heiter det i ein uttale frå bransjeforeininga Lyskultur.

– Ein kan jo ikkje anna enn å bli smigra av alle desse nominasjonane. Dette er eit annleis bygg, som vi er veldig stolte av, seier prosjektleiar Nils Øyvind Bø i Statsbygg.

Reiselivsmuseet blei for to veker sidan nominert til Betongtavlen for bruken av betong «på en miljømessig, estetisk og teknisk fremragende måte». Bygget var òg nominert til Statens byggeskikkpris i år.

Museet er oppført i plasstøypt betong og skore fjell. Innvendige berevegger er saga ut av fjellet. Takkonstruksjonen er skråstilte betongdragarar som slepper dagslys ned i utstillingsromma.

– Kombinasjonen av dagslys og eksponert fjell speler ei sentral rolle inne i museet. Og lysprosjektet på fasaden koplar bygget til fjella som krinsar rundt det i Balestrand, så ein kan sjå bygget sjølv i stummande mørke, seier arkitekt Lars Lantto frå Askim/Lantto Arkitekter.

Kontakt

Nils Øyvind Bø
Prosjektleder
Mob. 970 50 700
Send e-post
Marianne Sømme
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 97662775
Send e-post
×