Velkommen inn til oss!

Publisert 22.09.2016

Det har vel ikkje gått nokon hus forbi at Statsbygg opnar 40 av eigedommane sine førstkommande helg. Her er nokre få av godbitane – frå ulike delar av landet.

Opning av fengsla Botsen og Bastøy har vi allereie fortalt om i ei eiga nyheitssak. Men det er fleire eigedommar som vanlegvis ikkje er opne for publikum, som blir det denne helga.

Tek du turen til Svanvik, Øvre Pasvik i Aust-Finnmark, 108 kilometer sør for Kirkenes, kan du besøkje det tidlegare bureisingsbruket frå 1919 som no husar Nyrud politistasjon. Der blir det omvising ved politiet og bål på tunet.

Er du ikkje i nabolaget? Kva med å møte arkitekt Kristin Jarmund i bygget til Justervesenet på Kjeller, teikna av Kristin Jarmund Arkitekter og ferdigstilt i 1997? Dette er eit av dei mest avanserte bygga i heile Europa – her er det nemleg stilt ekstreme krav til nøyaktigheit. Men ikkje berre er det eit teknisk praktbygg: I 2000 fekk bygningen Houens fonds diplom – Noregs høgsthengande arkitekturpris.

Det er ikkje så mange som har rokke å besøkje nybygget til Norsk reiselivsmuseum i Balestrand, men no har alle sjansen. Sjølve museet blei etablert allereie i 1986, men i 2015 stod nybygget ferdig – bokstaveleg talt skore inn i grunnfjellet. Det er teikna av Askim/Lantto Arkitekter. Turistane kjem for å sjå norsk fjell – her får dei det til gagns!

Eller du kan komme inn og sjå korleis vi har det i Statsbygg. Du kan anten komme til Porsgrunn der Statsbygg regionkontor sør held til i gamle Porsgrunn tollbod frå 1891 (arkitekt Haldor Børve) – restaurert etter alle kunstens reglar til tidlegare prakt. Der held historikar Ottar Julsrud foredrag kl. 13.30, eller du kan besøkje oss på Tronka, tidlegare Trondhjems Hospitals Pleiestiftelse for Sindssvage frå 1842, no vårt regionkontor Midt-Noreg og flott restaurert i samarbeid med Riksantikvaren. Eller kom innom hovudkontoret vårt i Byporten i Oslo og høyr kva interiørarkitekten har å seie om dei aktivitetsbaserte arbeidsplassløysingane våre.

Eller kva med.... ei av dei andre 40 eigedommane. Vi foreslår at du vel deg ut dine eigne godbitar på  statsbygg.no/aapnehus2016

Og uansett kva du vel, gler vi oss til å sjå deg.

Velkommen inn!

Statsbyggs Åpne hus 24.-25. september

Laurdag 24. og søndag 25. september opnar Statsbygg dørene til ei rekkje bygg.

Sjå oppdatert program på nettsidene våre for Opne hus.

Velkommen!

Oslo Åpne hus 2016

Oslo Åpne hus går òg av stabelen denne helga. Statsbyggs opne hus i hovudstaden er ein del av dette arrangementet. For andre opne hus i Oslo, sjå openhouseoslo.org.

Lurt å sjekke nettsidene!

For å unngå overraskingar er det lurt å sjekke desse oppdaterte nettsidene for tider og andre praktiske opplysningar. 

Eva Kvandal
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 90173330
Send e-post
Sjå programmet
×