Workshop om miljødokumentasjon og klimagassrekneskap

Publisert 25.05.2016

Torsdag 16. juni blir det workshop om miljødokumentasjon og klimagassrekneskap i Arkitektenes Hus, Oslo.

Statsbygg, FutureBuilt og EPD Norge inviterer til workshop med fokus på kunnskapsheving og for å løyse konkrete problemstillingar byggjeprosjekt har med miljødokumentasjon og klimagassrekneskap «som bygd» (as built).

Workshopen vil vise korleis Statsbygg stiller krav til dokumentasjon av miljøeigenskapar og klimagassrekneskap i byggjeprosjekt, og korleis entreprenørar jobbar for å kunne levere.

Program og påmelding finn du på futurebuilt.no.

Tid. Stad. Påmelding

Dato: 16. juni
Tid: 8.30-12.00
Stad: Arkitektenes hus, Oslo

Påmeldingfuturebuilt.no

×