Ope for klimaforbetringar

Publisert 30.06.2017

Statsbygg jobbar for ein klimanøytral eigedomsportefølje. Med 2,8 millionar kvadratmeter bygningsmasse kan det gjere ein stor forskjell!

Miljøutfordringane vi står overfor, veks for kvar dag. Statsbygg ønskjer å vere ein del av løysinga ved å setje om norsk klimapolitikk til praktisk handling. Siste utgåva av kundemagasinet Åpent rom fortel korleis Statsbyggs klimasatsing kan gjere ein forskjell.

Statsbyggs mål er å vere ein netto straumleverandør i 2050. Allereie i dag er det fleire store og små tiltak i gang som bidreg til å nå målet om å spare energi og byggje og drifte klimanøytralt. I Åpent rom kan du lese om ei rekkje enøk-tiltak som Statsbygg har sett i gang, mellom anna på Arkitekthøgskolen i Oslo og Høgskolen i Østfold. Du kan òg lese om driftsleiaren for regjeringskvartalet som lèt det gå sport i å finne smarte løysingar for å kutte energibruken, eller korleis Statsbygg renoverer gamle bygningar, som svømmehallen på Idrettshøgskolen, for å få meir miljøvennleg drift.

Heller ikkje dei mange uteområda er gløymde i miljørekneskapen. I Åpent rom kan du lese om korleis ein dyktig driftsleiar og agronom på Gamlehaugen utanfor Bergen har lagt til rette for biologisk mangfald i parken. Parken har blitt ein himmel for både villbier og piggsvin! Og den nye parken ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Campus Ås skal bli eit klimaførebilete.

I tillegg til artiklane om klimatiltaka kan du lese om korleis den gamle ambassaden i New Delhi er fornya, Statsbyggs satsing på heildigital byggjebransje og kva spunt eigentleg er for noko. I tillegg til mykje, mykje meir.

Kontakt

Eva Kvandal
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 90173330
Send e-post

Last ned og les

Åpent rom 2017 nr 2
Åpent rom
Les tidlegare nummer og abonner
×