Ope for kompetanse

Publisert 30.10.2017

Statsbygg har meir enn 900 svært kompetente medarbeidarar innanfor ei rekkje ulike og uvanlege fagfelt. Det nyaste nummeret av Åpent rom presenterer nokre av dei.

For å forvalte og drifte 2300 bygningar, følgje opp rundt 120 byggjeprosjekt og kjøpe og selje eigedommar trengst eit breitt spekter av kompetanse. Statsbygg har både brannekspert, jordskjelvekspert og akustikar og jobbar systematisk med kompetansebygging for å dekkje behovet for ekspertise i eigen organisasjon. I Åpent rom kan du møte nokre av menneska bak den største offentlege eigedomsutviklaren i sivil sektor i landet.

På Campus Ås held Statsbygg på med den største utbygginga i universitets- og høgskolesektoren nokosinne. Bak det 63 000 kvadratmeter store bygget finn vi eit svært kompetent team. I Åpent rom kan du lese om både kjente og meir ukjente sider av eit prosjekt av slike dimensjonar – og lære noko om dei spesielle krava til Veterinærbygget.

I tillegg kan du lese om ein av dei mange kompetente forvaltarane våre som har ansvaret for det verna Bergen tinghus, eller om nokre av dei som jobbar med kjøp, sal og utvikling av eigedommar.

Du kan òg lese om Statsbyggs eigedommar på Bygdøy utanfor Oslo som har fått sin eigen forvaltningsplan, fornying av Noregs ambassade i Brasilia, marmoren på operataket som er med i eit europeisk forskingsprosjekt om nanoteknologi saman med ærverdige gamle katedralar som Kølnerdomen og Duomi de Pisa, og mykje, mykje meir.

Kontakt

Les siste nummer av Åpent rom

×