Berte Kanutte solar seg

Publisert 18.08.2017

Statsbygg har no opna Møre og Romsdals største solcelleanlegg. Det er taket på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda, som er blitt dekt av eit 1000 kvadratmeter stort solcellepanel. 

Solcelleanlegget blei offisielt opna av landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Anlegget består av totalt 570 solceller som vil produsere om lag 100 000 kilowattimar straum i året.

Studentane utfordra Høgskulen i Volda til å bli meir miljøbevisste. Høgskulen og Statsbygg har derfor inngått ein «Grøn tilleggsavtale» til leigeavtalen. Denne avtalen gjorde det mogleg å finansiere solcelleanlegget som vil produsere straum i mange år framover.

Fakta

Berte Kanutte-huset er det største huset ved Høgskulen i Volda og er oppkalla etter Berte Kanutte Aarflot (1795–1859) som var ein norsk salmediktar frå Ørsta på Sunnmøre.

Kontakt

×