Digibygg: Første prosjekt er klart

Publisert 22.03.2017

Statens vegvesen skal flytte inn i det som blir resultatet av Statsbyggs første heildigitale byggjeprosjekt. 

Ein kombinert trafikkstasjon og kontrollhall for tungtransport er vald ut til å bli det første av fleire byggjeprosjekt som får nemninga Digibygg.

Planlegginga vil skje ved hjelp av teikningslaus byggjeplass og virtuell verkelegheit (virtual reality), og under byggjeprosessen vil tema som materialval og robotbruk vere aktuelle.

– Å skreddarsy bygg etter behova til brukaren er ei kjerneverksemd i Statsbygg, og digitaliseringa gir oss ei moglegheit til å ta dette endå eit steg lenger, seier Digibygg-sjef Jan Myhre i Statsbygg.

Den såkalla sambruksstasjonen, som skal byggjast på Gol i Hallingdal, skal vere på til saman 667 kvadratmeter. I tillegg skal det byggjast ein døgnkvileplass for lastebilsjåførar med tilhøyrande fasilitetar.

– Dette er det første av mange Digibygg-prosjekt som vil starte opp den nærmaste tida, seier Myhre.

Skal utnytte dei digitale moglegheitene betre

– Byggjestandarden i Noreg er tilpassa gårsdagsteknologi, og det betyr at prosessane våre ofte begynner i feil ende. No må vi ta utgangspunkt i alle dei digitale hjelpemidla som finst der ute, og tilpasse prosessane deretter. Først då kan vi sjå på korleis det er mest formålstenleg å gjennomføre eit prosjekt i 2017, seier Myhre.

Dette er eit lite prosjekt, og det første av mange. Men det er viktig mellom anna for å teste ut nokre av dei nye løysingane i liten skala, og for å raskt kunne hente inn resultat og erfaringar.

Digibygg-prosjektet vil ikkje berre teste ut nye løysingar i planleggingsfasen og byggjeprosessen, men òg i drifta av bygget. Når bygget står klart, skal det driftast ved hjelp av smarte system som stordata, sensorteknologi og fjernstyring.

Alle bygg kan bli digitale

– Det er ingen spesiell grunn til at dette bygget blei vald ut, for alle byggjeprosjekt har potensial til å bli eit Digibygg. Eit av måla vi har sett oss med prosjektet, er å heve kompetansen i byggje- og anleggsnæringa, så vi er på jakt etter leverandørar som vil vere med på den digitale oppdagingsreisa saman med oss, seier Myhre.

Anbudskonkurranse Sambruksstasjon

Utlysing: Se Doffin
Tilbodsbefaring og informasjonsmøte: 28. mars
Innleveringsfrist: 8. mai kl. 13

Les meir om prosjektet prosjektsidene våre.

×