Ein ny standard

Publisert 26.05.2017

Eit standardiseringsprosjekt for fengsel skal auke kapasiteten til den norske kriminalomsorgen på kort tid. 

Før dei nye fengsla skulle byggjast på Ullersmo og Eidsberg, bestemte Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg at dette var eit fint høve for å lage ein ny standard for fengsel. Ved hjelp av ferdigproduserte modular går nemleg både planlegginga og bygginga raskare, i tillegg til at prosjekta blir langt billigare å gjennomføre.

Sparer tid og pengar

Det er behov for større fengselskapasitet i Noreg. Sist gong Statsbygg bygde fengsel, var det i Halden i Østfold, som stod ferdig i 2010. Byggjetida var på vel to år, og fengselet, totalt 27 500 kvadratmeter, har plass til 251 innsette.

Løysinga Statsbygg har på utfordringa denne gongen er å byggje såkalla modulfengsel, ein rask og effektiv måte å auke fengselskapasiteten på. Modulbygging inneber at ein ikkje set saman alle komponentane til eit bygg på tomta der det skal reisast. I staden bruker ein ferdigproduserte element: For fengsla på Ullersmo og Eidsberg blei mellom anna kontor og fengselsceller som allereie var bygde ferdig på ein fabrikk i Nord-Trøndelag frakta sørover på E6 med lastebil.

–Mange trur at modulbygg berre er til mellombelse løysingar, og assosierer byggjemåten med for eksempel brakkeriggar. Men denne byggjemåten kan fint brukast til permanente bygg og er spesielt nyttig der ein har behov for mange identiske rom, seier Benny Andersen, Statsbyggs prosjektsjef på Ullersmo og Eidsberg.

Smartare

Dette er òg ein smartare måte å byggje på. Entreprenøren på byggjeplassen bruker tida på å byggje fundament og infrastruktur. Samtidig blir romma, i dette tilfellet fengselsceller og kontor, masseproduserte på ein fabrikk som er ekspertar på denne typen modular. Oppgåver som vanlegvis må følgje kvarandre i riktig rekkjefølgje, blir på denne måten utførte samtidig. Dette sparer mykje tid. Pilotprosjekta på Ullersmo og Eidsberg reknar med å ha spart opp mot eit halvt år berre på gjennomføringa i byggjefasen av prosjektet. Kortare tid på byggjeplassen betyr òg pengar spart. Alt i alt har prosjekta Eidsberg og Ullersmo spart inn mellom 60 og 80 millionar kroner på å bruke denne byggjemetoden.

Standardiseringsprosjekt

Dei aller første statsbygga som blei bygde etter modul-metoden, var fengsla Trondheim, Kongsvinger og Bergen tidleg på 2000-talet, men då berre for mindre utvidingar på rundt 20 plassar. Kvaliteten på modulbygging har utvikla seg mykje sidan den gongen. Før oppdraga med utviding av Ullersmo og Eidsberg med 200 fengselsplassar, bestemte Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg seg for å lage ein standard for slike prosjekt slik at framtidige byggjeprosjekt kan bli endå meir effektive.

–Gjenbruk av prosjektmateriale frå Ullersmo og Eidsberg er vesentleg for å redusere både planleggingstida og kostnadene i framtidige fengselsprosjekt, seier Andersen.

Det vil seie at forarbeidet har blitt gjennomført på ein måte som gjer det enkelt å byggje vidare i nye prosjekt av same typen.

– I praksis vil det seie ei innsparing på omtrent 6–12 månader per nye modulfengselsprosjekt og ei innsparing på 10–20 prosent i forhold til å planleggje på nytt (tradisjonell gjennomføring), held Andersen fram.

Og modulfengsel, det blir det fleire av. Allereie før Eidsberg og Ullersmo er ferdig bygde og overleverte til kunden, har det komme inn ei ny bestilling frå Justisdepartementet. To nye modulfengsel med til saman 300 plassar skal byggjast på Froland i Aust-Agder og i Mandal i Vest-Agder.

 

Marianne Sømme
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 97662775
Send e-post

Les denne og andre artikler i siste nummer av Åpent rom

Åpent rom 2017 nr 1
Åpent rom
×