Fengselstomter valde ut

Publisert 31.01.2017

Statsbygg har avtalt å kjøpe byggjeklare tomter på Blakstadheia i Froland og på Jåbekk i Mandal til bygging av modulfengsel. Overtaking januar 2018.

– Avgjerda blei fatta mellom anna med bakgrunn i nærleiken til kollektivtransport, hovudferdselsårer, politistasjonar og tinghus. Det gir gode ringverknader lokalt, mellom anna med tanke på miljø, seier administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg.

Grunnforholda i tillegg til plan- og eigarskapsstatus var òg viktige då avgjerda blei teken.

Ventar på godkjenning

Planleggingsfasen for prosjektet er allereie i gang, og prosjektet ligg no til behandling for kvalitetssikring, såkalla KS2-behandling.

300 nye fengselsplassar

Justis- og beredskapsdepartementet har bestemt at dei 300 planlagde fengselsplassane skal fordelast med 200 plassar i Froland og 100 i Mandal.

Byggjeprosjekta skal ta utgangspunkt i ein standardisert byggjemetode for fengselsbygg. Metoden, som mellom anna bruker ferdige modulelement, er svært effektiv både når det gjeld tid og kostnader. Han blei utvikla av Statsbygg og Kriminalomsorgsdirektoratet i samband med utvidingar ved Eidsberg fengsel og Ullersmo fengsel.

Harald Vaagaasar Nikolaisen
Administrerende direktør
Mob. 91370521
Send e-post
Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×