Skriv ut med undersider

Fekk studentpris for oppgåve om flaumvern

Publisert 22.09.2017

Korleis kan vi planleggje for berekraftig overvatnhandtering og auka klimaresiliens i norske byar og tettstader? Det var problemstillinga til studentane Vaar Bothner og Taran Aanderaa, som no har fått Statsbyggs studentpris for framifrå landskapsarkitektur.

I oppgåva «Før flommen – bærekraftig overvannshåndtering for økt klimaresiliens i norske byer og tettsteder» slår dei føre fleire tiltak. Kandidatane har utvikla ein verktøykasse som spenner frå det overordna til det svært spesifikke i framtidig arbeid med planlegging av berekraftig overvatnhandtering og klimaresiliens.

Uttrykket «klimaresiliens» blir definert i oppgåva som evna system har til å absorbere forstyrringar og halde ved like funksjonar i møte med eksterne påverknader introdusert av klimaendringar.

Eksperimentelt og nyskapande prosjekt

– Dette prosjektet er både eksperimentelt og nyskapande, seier jurymedlem og seniorarkitekt Anne Helene Midtveit i Statsbygg, som delte ut prisen. Det er spesielt kandidatane sitt overblikk og samankoplinga av ulike tema og funksjonar som imponerer juryen.

– Det er morosamt å sjå korleis studentane har utvikla gode, utfordrande og unike prosjekt, seier Midtveit. – Dei to prisvinnarane har med denne oppgåva levert eit omfattande og nyskapande arbeid som er handtert på ein mønsterverdig og klar måte. Presentasjonen held eit høgt nivå og fungerer godt pedagogisk.

Studentprisen er på 20 000 kroner og blei delt ut ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Campus Ås, Institutt for landskapsplanlegging.

På biletet: Prisvinnarane Vaar Bothner og Taran Aanderaa. Foto: NMBU / Tove Rømo Grande

Kontakt

Anne Helene Midtveit
Seniorarkitekt
Mob. 95109304
Send e-post
Stig Petter Pettersen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 99561535
Send e-post
×