Fjernar barrierar i statlege bygg

Publisert 19.06.2017

Statsbygg vidarefører innsatsen for at offentlege bygg skal vere tilgjengelege for alle.

– Det er ikkje godt nok at personar med funksjonsnedsetjingar framleis møter fysiske hinder i statlege bygg. Vi har gjort mykje for at både gamle og nye bygningar skal bli tilgjengelege for alle, men er ikkje i mål enno, seier Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.

Bygg for alle

Statsbygg har til no gjort ferdig over 300 eksisterande bygningar, slik at dei møter dagens standard for universell utforming i så stor utstrekking som mogleg. Innan 2025 skal 400 bygningar til leggjast til rette.

Bygg for alle gir informasjon om tilgjenget i publikumsromma i dei fleste offentlege bygningar som Statsbygg forvaltar. Her kan besøkande på førehand sjekke heile bygget frå inngangen til dei ulike besøksstadene. Nettsida har detaljar om dei enkelte lokala og om moglege hindringar på vegen til besøksmålet.

Handlingsplan

– Vi held fram arbeidet med å betre tilgjenget for menneske med ulike funksjonsvariasjonar. Ein ny handlingsplan kjem med konkrete tiltak for å nå målet om at alle arbeids- og publikumsbygg skal vere inkluderande, seier Nikolaisen.

Krava til universell utforming skal sikre lik moglegheit for samfunnsdeltaking, mellom anna gjennom tilrettelagde parkeringsplassar, uteopphaldsområde og planløysingar. I tillegg blir mellom anna visuelle og akustiske tiltak gjennomførte for å sikre brukarvennlegheit for alle.

– Statsbygg skal vere ein rollemodell ved å bidra til å forme eit universelt utforma samfunn, seier Nikolaisen.

Fakta

Den nye handlingsplanen for universell utforming (uu) i perioden 2017–2021 er ei vidareføring av eit arbeid som har gått føre seg i fleire år, som mellom anna inneber:

1. Alle nybygg og ombyggings- og rehabiliteringsprosjekt, inkludert uteområda, skal vere universelt utforma.

2. Eksisterande arbeids- og publikumsbygg inkludert uteområde skal i så stor utstrekking som mogleg vere universelt utforma innan 2025 (fengsel er unnatekne).

3. Statsbyggs publikumsbygg skal registrerast på nettsida Bygg for alle.

4. Statsbyggs uu-sjekkar for bygningsinformasjonsmodellar (BIM) skal vidareutviklast, gjerast ferdig og implementerast.

5. Statsbygg skal gjennomføre kompetansehevande aktivitetar innanfor uu.

6. Statlege aktørar som leiger i den private marknaden, skal få råd og rettleiing knytt til gjeldande uu-krav.

7. Statsbyggs eigne IKT-system skal, i størst mogleg grad, vere universelt utforma. System som rettar seg mot ålmenta, skal kunne brukast av flest mogleg.

Kontakt

Åse Benedikte Danbolt
Seniorrådgiver
Mob. 41540110
Send e-post
×