Grunnstein for nytt besøkssenter

Publisert 10.04.2017

19. april blir det lagt ned ein grunnstein for nytt besøkssenter på Jernaldergården i Stavanger.

Jernaldergården er den største turistattraksjonen i Stavanger med over tjue tusen besøkande årleg.

– Det nye besøkssenteret vil gi rom for fleire besøkande. Vi er godt i gang med bygginga og er ferdige til vinteren, fortel prosjektleiar Trond Liane i Statsbygg.

Jernaldergården er eit rekonstruert gardsanlegg frå folkevandringstida, ca. 350–550 e.Kr., og rekonstruksjonen på Ullandhaug stod klar i 1975.

– Nybygget er på vel 800 kvadratmeter i to etasjar og vil erstatte den mellombelse løysinga med brakker og gi gode fasilitetar til besøkande og ein betre arbeidsplass til tilsette, seier Liane.

Arkeologisk museum og Statsbygg inviterer til grunnsteinsnedlegging for det nye besøkssenteret på Ullandhaug. Statsbyggs byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg ønskjer velkommen til ordføraren i Stavanger kommune, Christine Sagen Helgø, som legg ned grunnsteinen.

Grunnsteinen er eit stålskrin som blir lagd ned i grunnen for symbolsk å markere igangsetjinga av eit større byggjearbeid. Skrinet fungerer som ein tidskapsel og er meint å gi opplysningar til seinare slekter om bygget og om den tidsepoken prosjektet blei gjennomført i.

Tid og stad

Dato: Onsdag 19. april
Tid: Kl. 12.00
Stad: Byggjeplass, Jernaldergården, Ullandhaug
Parkering: På UiS ved Gosenmyra

×