Historisk høg byggjeaktivitet

Publisert 10.03.2017

Statsbygg er i gang med fire milliardprosjekt og set ny investeringsrekord.

Statsbygg investerte for 5,4 milliardar kroner i fjor, viser årsrapporten som no er lagd fram. Investeringsrekorden kom same året som Statsbygg markerte 200-årsjubileum.

Stor aktivitet

– Vi har større aktivitetsnivå enn nokon gong gjennom investeringar i nybygg, ombyggingar og vedlikehald, seier Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.

Det store investeringsvolumet heng saman med at fleire store byggjeprosjekt går føre seg samtidig. Bygginga av nytt nasjonalmuseum, kunsthøgskole i Bergen, universitetsbygg i Tromsø og Campus Ås er alle milliardprosjekt og bidrog til rekorden. På dei fire byggjeplassane jobba 1783 personar frå 222 firma i til saman 1 594 800 arbeidstimar.

Prosjektdobling

– Bygg og anlegg er i ferd med å bli den største næringa i Noreg og gir eit stadig viktigare bidrag til å sikre sysselsetjinga her i landet. Statsbygg har på få år dobla prosjektporteføljen, og den høge aktiviteten vil ikkje gå ned med det første, seier Nikolaisen.

Statsbygg fylte 200 år i 2016 og hadde prosjekt i gang i alle dei 19 fylka i landet og på Svalbard i tillegg til ni prosjekt utanfor Noreg. Arbeidet med underlag for reguleringsplan og rom- og funksjonsprogram for nytt regjeringskvartal var ein av mange viktige aktivitetar i jubileumsåret.

God styring

– Den høge aktiviteten og dei ekstraordinære satsingane blei gjennomførte med god styring og kontroll på kostnader og inntekter, seier Nikolaisen.

Harald Vaagaasar Nikolaisen
Administrerende direktør
Mob. 91370521
Send e-post
Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post

Les årsrapporten:

Årsrapport for Statsbygg 2016
Årsrapport
×