Statsbyggkonferansen 2017 - Haldbar til: Framtida
Publisert 12.09.2017
Statsbyggkonferansen 2017 går av stabelen måndag 13. november i Den Norske Opera & Ballett sine lokale.
Framtida er ukjent, men statsbygga våre skal vare lenge. Bygningane og eigedommane vi har ansvar for, skal vere effektive når det gjeld areal og energi – i framtida òg. Det betyr at planlegginga og prosjektgjennomføringa vår må vere fleksibel og open for ei framtid og behov vi ikkje kjenner i dag.
Vi veit at ei berekraftig utvikling og drift av bygg og eigedommar har økonomiske, miljømessige og sosiale aspekt. Det har vi med oss når vi skal forstå kundebehov både i dag og i framtida. Vi vil tenkje og handle langsiktig – framtida kjem. Dette vil vi snakke om på årets statsbyggkonferanse.
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner opnar konferansen. Haddy N’jie leiar oss gjennom ein dag fylt med fag, humor og tankevekkjande diskusjonar. Hald av datoen – 13. november.
Fant du det du lette etter?
Statsbyggkonferansen 2017
Du kan følgje konferansen live på Statsbyggs YouTube-kanal: Statsbygg film.
Meld deg på her (ekstern lenke)
Dato: 13. november
Tid: 09.30–15.45
Stad: Den Norske Opera & Ballett, scene 2
Konferansen er gratis, men avmelding etter påmeldingsfristen (2. november) og ikkje oppmøtte deltakarar blir fakturerte kr 1500,–.