Innovasjonspris til 3D modellen av Vikingtidsmuseet

Publisert 30.10.2017

Vi kan nok vente oss mykje av det nye Vikingtidsmuseet, som Statsbygg har fått i oppdrag å planleggje på Bygdøy. No har den nyskapande bruken av den tredimensjonale byggjemodellen for museet vunne ein pris.

På den årlege teknologikonferansen «Den Kloke Teknologi» fekk Harald Yggeseth ein pris for ideane og nyvinningane sine i utforminga av bygningsinformasjonsmodellen (BIM) . Yggeseth jobbar i Hjellnes Consult, som er Statsbyggs byggtekniske rådgivar for museet. Ideen var å automatisere utforminga av berekonstruksjonane som skal halde taket oppe på det nye Vikingtidsmuseet.

AART arkitekter vann den opne plan- og designkonkurransen for det nye museet i 2016. Dei gav taket ei spennande og utfordrande form. Det er sirkelforma med dobbelkrumma overflate. Dette gjer at alle berebjelkane i taket må ha forskjellige utformingar heile vegen rundt bygget.

Yggeseth brukte programmeringsmodular i BIM-verktøyet til å automatisere utforminga av heile beresystemet i taket. Ei komplett utforming av dei berande takkonstruksjonane kan gjerast på under eitt minutt. Automatiseringa gjer òg at viss noko blir endra éin stad i bygget, kan programmet raskt og effektivt rekne ut kva endringar som må gjerast i berekonstruksjonen. Dette gir ei betre og meir effektiv løysing i planlegginga av bygget.

Kontakt

×