Hugs påmelding: Klima - har byggjenæringa løysinga?

Publisert 24.01.2017

Byggjenæringa står for 40 prosent av energibruken og 30 prosent av alle klimagassutslepp i verda. Kva kan byggjenæringa bidra med i det grøne skiftet? Statsbygg inviterer til frukostseminar 26. januar i Oslo. 

Program

  • 08.00–08.30 Frukost i kantina
     
  • 08.30 Velkommen
    Harald Nikolaisen, administrerande direktør Statsbygg

  • 08.35 Lokalisering av statlege bygg
    ved Aud Tennøy, forskingsleiar Transportøkonomisk institutt (TØI)
    Korleis vi planlegg og byggjer statlege bygningar, er heilt avgjerande for å takle befolkningsvekst og avgrense klimagassutslepp. Vi ser nærmare på klimakonsekvensane av lokalisering av statlege bygg.

  • 08.45 Noregs beste klimabygg – Campus Evenstad
    ved Marianne Kjendseth Wiik, SINTEF Byggforsk
    Det nye administrasjonsbygget på Campus Evenstad blir opna 29. januar. Bygget har vore eit pilotprosjekt i Forskningssenteret Zero Emission Buildings (ZEB).

  • 08.55 Bygg og lokalprodusert energi
    ved Guro Hauge, fagansvarleg for bygg i Zero
    Bygg- og eigedomforvaltarane si rolle i det framtidige energisystemet. Lokalprodusert energi og energieffektivisering blir ein viktig del av det fornybare Noreg og Europa.

  • 09.05 Byggjenæringa og det grøne skiftet
    ved Sverre Tiltnes, direktør Bygg21
    Byggjenæringa legg premissane for livet, helsa og virket til menneska. Derfor har næringa eit spesielt ansvar for å bidra til det grøne skiftet. Kva for rammevilkår bør gjelde?

  • 09.15 Oppsummering
    ved Harald Nikolaisen, Statsbygg

Velkommen!

Tid. Stad. Påmelding

Dato: torsdag 26. januar
Tid: 08.30 - 09.30
Adresse: Biskop Gunnerus gate 6 (Byporten)
Påmelding til: arrangement@statsbygg.no
Påmeldingsfrist: 24. januar

×