Kontraktsignering: Utomhusarbeider på Nasjonalmuseet

Publisert 18.10.2017

Statsbygg har signert kontrakt om utomhusarbeida til det nye Nasjonalmuseet med Skaaret Landskap AS. Kontrakten har ein verdi på over 50 millionar kroner, og arbeida begynner i mars 2018.

– Denne kontrakten er særdeles viktig, fordi han handlar om areal som gir nye byrom til Oslo, seier byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg.

Kontrakten består mellom anna av natursteinsdekke på Museumsplassen og alle fortau og gangpassasjar. Det skal etablerast sitjeplassar og sykkelparkering. Det skal plantast eit tuntre av eik på Museumsplassen og plantefelt med pipholurt og rådhusvillvin på Nobels Fredssenter og det nye Nasjonalmuseet.

Ein ny hovudsykkelveg skal òg etablerast. Han vil gå frå krysset Dokkveien/Munkedamsveien over i den nye gangpassasjen mellom museet og vegrampa og held fram ved Dronning Mauds gate langs musumsfasaden mot Rådhusplassen.

Kontakt

×