Kontraktsignering for helsearkivet på Tynset

Publisert 30.03.2017

Statsbygg inngjekk denne veka kontrakt med HENT AS som skal vere totalentreprenør for prosjektet. 

Kontraktsinngåinga skjer etter konkurranse om ein totalentreprise med løysingsforslag med eit pristak på 90 mill. kroner. I alt fire konkurrentar deltok.

– Løysinga til HENT AS gir den beste og mest heilskaplege arkitektoniske løysinga, seier byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg. – Løysinga er konkret og gjennomarbeidd og har òg ein god strategi for å nå klima- og energimål. HENT AS beskriv ei gjennomføring av prosjektet basert på «trimma bygging» – ein variasjon av LEAN-prinsippet.

Helsearkivet på Tynset blir no eitt av tre prosjekt der Statsbygg skaffar totalentreprise med løysingsforslag.

– Eg er veldig tilfreds med at vi i endå større grad får kompetansen til entreprenøren inn i tidleg fase av prosjektutviklinga. Det vil kunne redusere både kostnader og byggjetid, seier Lyssand Sandberg.

Skal innehalde alle digitale arkivfunksjonar

Norsk helsearkiv på Tynset skal innehalde funksjonar for mottak, digitalisering, digital bevaring og kassasjon ved tryggleiksmakulering. I tillegg skal bygget ha funksjonar som legg til rette for formidling av anonymisert informasjon frå pasientjournalane som inngår i Norsk helsearkiv, til forsking.

Alle funksjonar knytte til Norsk helsearkiv, med unntak av bevaring av eit utval papirarkiv, skal varetakast i arkivbygget på Tynset. Lokala skal dimensjonerast for inntil 58 årsverk.

Planlagt ferdig i 2019

Den endelege kostnadsramma skal leggjast fram i revidert nasjonalbudsjett, og gjennomføringa av byggjeprosjektet er avhengig av støtte frå Stortinget. Ifølgje noverande gjennomføringsplan skal bygget stå ferdig innan juni 2019.

På biletet: Prosjektutviklar Arild Larsen i Hent og byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg

Kontakt

×