Lysere tider i Berlin

Publisert 06.04.2017

Dei tilsette ved den norske ambassaden i Berlin har fått ein langt lysare kvardag, samtidig som straumutgiftene til lys er rekna å søkke med 90 prosent.

Ambassaden i Berlin er ein av dei største Noreg har. 1200 kvadratmeter med tak har no fått striper med energisparande LED-lys og spot-lampar. Over kvar kontorpult heng det ein større LED-lampe.

Oppleving

– No har vi fått godt lys som gir ei heilt anna oppleving av bygningen. Inntrykket mitt er at alle tilsette ved ambassaden er kjempefornøgde, seier ambassaderåd i Berlin Heidi Aakre.

Bakgrunnen for utskiftinga var at tilsette i ambassaden melde frå om dårleg lys. Statsbygg utførte målingar som viste at lysnivået låg langt under krava og forskriftene.

No kan dei tilsette sjølve regulere tonane i lyset. Alle kontor og møterom har firetrinns brytarar som styrer fargetonane. Spekteret går frå mjukt gult til blankt/kvitt. Det er mellom anna dokumentert at ettermiddagstrøttleik kan motverkast med riktig lys.

Sparer mykje

– Innan tre og eit halvt år vil kostnadene på 1,4 millionar kroner til ny lyssetjing vere tent inn fordi lysrekninga truleg blir kutta med heile 90 prosent. Det seier Statsbyggs prosjektleiar for oppussinga, Rena Flåteteigen Kløvstad.

I tillegg til ny lyssetjing er romma måla i lysare fargar, og ventilasjonsanlegget er renovert. Det nye ventilasjonssystemet reduserer straumbehovet med 10 prosent og fører til støyreduksjon og betre luftkvalitet.

Les denne og andre artiklar i siste nummeret av Åpent rom

Åpent rom 2017 nr 1
Åpent rom
×