Meir effektiv styring av eigedommane til staten

Publisert 31.08.2017

Statsbygg har utvikla ein ny database med samla oversikt over bygningsmasse, arealbruk og leigekostnader for lokala til staten. Denne kan gi store innsparingar.

Først ut på databasen Statens lokaler er ei oversikt over eigedommane staten sjølv eig. Denne erstattar det som tidlegare var eit trykt 300 siders vedlegg til statsbudsjettet.

– Dette er kvardagsdigitalisering. Databasen vil gi statlege leiarar moglegheit til å finne, samanlikne og bruke bygga betre. Erfaring frå liknande prosjekt i andre land viser god effekt, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Effektiv styring og bruk av eigedommar

I løpet av 2018 skal databasen òg omfatte det meste av statens leigde lokale, og informasjonen blir designa for effektiv styring og bruk av eigedommar. Den nye databasen vil bli eit nyttig verkemiddel for statlege verksemder som vil sikre at dei har god oversikt og konkurransedyktig leige.

– For kvar prosent vi effektiviserer i arealbruken, sparer vi årleg om lag 175 millionar kroner. Vi må vere ambisiøse. Leigeavtalar går vanlegvis over fleire år, men eg er overtydd om at tilgang på nøkkelinformasjon, betre koordinering og klare krav vil gi store innsparingar over tid, seier Sanner.

×