Ny løysing for klimagassregnskap.no

Publisert 06.09.2017

Funksjonaliteten blir vidareført i ny og betra, kommersiell løysing.

Statsbygg har inngått ein avtale med finske Bionova om å levere ny løysing for klimagassberekningar i Statsbygg sine prosjekt. Den nye løysinga vil erstatte klimagassregnskap.no og byggje på Bionovas programvare One Click LCA. Bionova har spesialisert seg på livsløpsberekningar retta mot byggjebransjen og leverer IT-løysingane sine til kundar over heile verda. Bionova har med seg dei norske underleverandørane Civitas og Context.

Den nye løysinga vidarefører funksjonaliteten som er der i dag, men vil òg gi betydelege forbetringar. Løysinga er kompatibel med norske standardar og BREEAM-NOR,og ho blir tilbydd mot lisens til alle som måtte ønskje det.

Klimagassregnskap.no blei utvikla av Civitas, Numerika og Context på oppdrag frå Statsbygg. Verktøyet har gitt ny innsikt og kunnskap om kjelder til klimagassutslepp i byggje- og utviklingsprosjekt og var lenge det einaste i sitt slag for kartlegging og berekning av utsleppseffektar. Det gamle verktøyet på klimagassregnskap.no vil fungere som i dag fram til 31. desember 2017.

Ta verktøyet i bruk...

... eller les meir på klimagassregnskap.no

Kontakt

×