Nytt universitetsbygg opna i Bergen

Publisert 11.10.2017

Nybygget som huser Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen, blei offisielt opna i dag. 

– Vi er glade for å ha realisert eit bygg som kan bidra til å skape nye talent innanfor kunst, musikk og design i framtida.

Det seier Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg, som gav den symbolske nøkkelen til departementsråd i Kunnskapsdepartementet, Petter Skarheim, då fakultetsbygget blei offisielt opna onsdag 11. oktober.

Fakultetsbygget har vore eit av Statsbyggs største prosjekt dei siste åra, og det har kosta 1,1 milliard kroner. 300 studentar og 100 tilsette skal fylle det 14 800 kvadratmeter store nybygget.

Statsbygg fekk i juni 2013 i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å detaljprosjektere og byggje fakultetsbygget.

Det blei valt å leggje nybygget på ei tidlegare industritomt i Møllendalsveien 61 som staten allereie eigde. Arkitektkontoret Snøhetta fekk i oppdrag å teikne huset etter ein arkitektkonkurranse. Dette er det første bygget teikna av dei i Bergen.

I dette prosjektet har Statsbygg brukt nye arbeidsmetodar. Frå første dag har ein brukt metoden Lean leiing, Lean prosessplanlegging og Lean prosjektering.

Statsbyggs regionkontor i Bergen skal drifte og forvalte bygningen.

×