Nytt i Delhi

Publisert 07.03.2017

Byggherre Statsbygg har overlevert nybygget ved ambassaden i New Delhi til Utanriksdepartementet. No er 15 leilegheiter og ei visumavdeling klare til bruk, teikna av Terje Grønmo og Plural Design. 

Visumavdelinga er eit påbygg til det gamle ambassadebygget, og det har vore viktig å vareta det kulturhistoriske uttrykket til anlegget. Resultatet er ei fullstendig integrert utviding i fint samspel med bygningen frå 1958.

Bustaddelen er ein frittståande bygning som har fått sitt eige særpreg, sjølv om det opphavlege anlegget har vore førande for både materialbruk og arkitektoniske verkemiddel. Leilegheitene er meinte for dei utsende ved ambassaden og er mellom 110 og 200 kvadratmeter store. Utviding var nødvendig på grunn av den auka samhandlinga mellom Noreg og India.

Det er brukt kortreiste, lokale materiale i store delar av bygningen, og i fasaden skal skuggeelement redusere behovet for kjøling, samtidig som lyset får sleppe inn. Solfangarar skal sørgje for varmtvatn, mens solcelleanlegg vil dekkje delar av behovet for straum til lys og PC-ar.

Også uteområda er oppgraderte. Mellom anna har leilegheitene fått terrassar mot den sentrale landskapsparken til ambassaden. Parken er ein del av fase 2 og blir ferdig til neste sommar.

×