Nytt verktøy hindrar stress

Publisert 27.01.2017

Statsbygg tek i bruk eit nytt digitalt verktøy som gjer livet enklare for både byggherrar og entreprenørar.

Det er ein kritisk fase når eit byggjeprosjekt nærmar seg slutten. Feil og manglar på tekniske anlegg og system som blir oppdaga for seint, fører til stress og ein hektisk innspurt for entreprenør og byggherre. Det vanskeleggjer ei ryddig overlevering til dei som skal ta bygget i bruk.

Digital løysing

– Vi jobbar systematisk med å levere bygg som fungerer med ein gong lokala blir overleverte. No tek vi i bruk ei digital løysing som skal gjere dette lettare, seier byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg.

Ho har no signert ein kontrakt med selskapet Omega om eit digitalt verktøy for systematisk ferdigstilling. Olje- og gassbransjen har allereie gode erfaringar med verktøyet, som registrerer, klassifiserer og følgjer opp feil og manglar før ein konstruksjon blir overlevert til eigaren. No er systemet Pims blitt tilpassa byggje- og eigedomsnæringa.

Oljelærdom

– Statsbygg er glad for å kunne overføre kompetanse frå oljeindustrien ved hjelp av digitale verktøy. Dette vil bidra til å forme byggje- og eigedomsnæringa i framtida, seier Lyssand Sandberg.

Ho peiker på at byggjeprosjekta i dag er blitt så omfattande at det kan vere vanskeleg å halde oversikta i sluttfasen av prosjektet.

– Med stadig meir komplekse nybygg er det behov for nye, digitale hjelpemiddel for å halde oversikt og få opp status for feil og manglar i tide, seier byggherredirektøren i Statsbygg.

Pims blir nyttig for byggherrar som kan følgje med på statusen til det som er under bygging. Entreprenørane får dokumentert resultat på systemutprøving og testar og demonstrere at jobben er utført etter bestillinga.

Det nye verktøyet skal først takast i bruk ved to store prosjekt: nytt nasjonalmuseum og Campus Ås og seinare i dei andre byggjeprosjekta i Statsbygg.

×