Plasseringa av Tromsø Universitetsmuseum er avklart

Publisert 31.08.2017

No er det vedteke at Tromsø Museum – Universitetsmuseet vil bli bygd på Mack-tomta i Tromsø sentrum. Vedtaket er gjort av Kunnskapsdepartementet i samarbeid med Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og Statsbygg.

Statsbygg har gjennomført grundige analysar av tre moglege tomter i Tromsø sentrum, men det var altså Mack-tomta som kom best ut. No skal partane jobbe vidare med utforminga av sjølve bygget, før prosjektet kan vere klart for startløyve frå Stortinget.

Kontakt

×