Presseinvitasjon: Konkurransebidrag til nytt regjeringskvartal blir stilt ut

Publisert 20.05.2017

Onsdag 24. mai kl. 12.00 inviterer Statsbygg pressa til opning av utstillinga som viser konkurransebidraga til nytt regjeringskvartal. Statsråd Jan Tore Sanner står for den offisielle opninga i Høgblokka. 

Statsbygg har fått i oppdrag av Kommunal- og moderniseringsdepartementet å planleggje det framtidige regjeringskvartalet. Som ein del av denne planlegginga held Statsbygg ein avgrensa, tverrfagleg plan- og designkonkurranse, eller arkitektkonkurranse som det ofte blir kalla.

No har dei sju konkurransedeltakarane levert løysingsforslaga sine for korleis dei ser for seg det nye regjeringskvartalet. Forslaga blir stilte ut både på nettsidene våre og i 22. julisenteret, og pressa er invitert til utstillingsopninga.

Ein jury på ni medlemmer vil vurdere dei innkomne forslaga og velje ut dei to beste. Hausten 2017 vil Statsbygg gå i forhandlingar med desse to om tildeling av prosjekteringskontrakten. Til slutt står vi igjen med eitt forslag. Det er løysingsforslaget til den gruppa som får kontrakten som vil bli lagd til grunn i det vidare arbeidet med nytt regjeringskvartal.

Konkurranseutstillinga følgjer 22. julisenteret sine opningstider: tysdag til laurdag kl. 10–17, søndag kl. 12–16, måndag stengt. På opningsdagen 24. mai opnar utstillinga for publikum kl. 13.00. Sjå òg nettstaden til senteret.

Tid. Stad. Påmelding

Dato: Onsdag 24. mai
Tid: kl. 12.00
Stad: Paviljongen i Høgblokka (22. julisenteret, Regjeringskvartalet)

Påmelding er nødvendig

Påmelding til: Pål Weiby 
Påmeldingsfrist: Tysdag 23. mai kl. 16.00

Pål Weiby
Kommunikasjonsleder
Mob. 92233395
Send e-post
×