Statsbygg inngår innovasjonskontrakt

Publisert 17.10.2017

Statsbygg har inngått ein treårig forsking- og innovasjonskontrakt med Smart Innovation Norway (SIN) på vegner av NCE Smart Energy Markets om energieffektiv drift av bygg med digitale løysingar. Utanom SIN deltek NCE Smart-bedriftene View Serinus, ESmart Systems og Institutt for energiteknikk i prosjektsamarbeidet med Statsbygg.

Det er tidlegare utvikla eit konsept for måling av energibruk og inneklima via trådlause målarar og bruk av app. Det er òg utvikla ein prototype for eit digitalt dashbord med visualisering av målt tilstand og tilbakemeldingar frå brukarane av bygget.

– Resultata som er skapte i prototypen, er så lovande at Statsbygg vil oppskalere han til eit fullskala demonstrasjonsforsøk som skal testast ut i Statsbyggs driftsorganisasjon, seier avdelingsdirektør Morten Dybesland i Statsbygg. I framtida vil omfattande datafangst og analyse bygd på kunstig intelligens gjere det mogleg å danne eit bilete i sann tid av bygningar i drift og styre tekniske installasjonar og energiforbruk etter behovet. Kunnskapen som blir samla, kan gi grunnlag for prosjektering og rehabilitering av endå meir miljøvennlege bygg. 

Høgskolen i Østfold, Campus Remmen i Halden, fungerer som ein Living Lab, både teoretisk og praktisk. – Samarbeidet mellom Statsbygg og NCE Smart kan gi resultat som er internasjonalt i front. Både Statsbygg og NCE Smart vil oppnå gevinstar av prosjektet, og arbeidet vil ha overføringsverdi til andre aktørar i norsk nærings- og samfunnsliv, seier Dybesland.

Kontrakten har ei ramme på 6,1 millionar kroner.

Kontakt

×