Statsbygg sløkkjer lyset

Publisert 24.03.2017

Operaen i Oslo og rundt 30 andre statlege bygg over heile landet blir mørklagde i morgon. 

For niande gong støtter Statsbygg verdas største klimakampanje, Earth Hour. I minst ein time blir det mørkt i bygningar over heile kloden som ei symbolsk handling for klimaet. Alle med tilgang til ein lysbryter kan delta!

Ei viktig markering

- Vi skrur av lyset klokka 20.30 i morgon kveld og oppfordrar andre å gjere det same, fordi det er ei viktig markering av å ta betre vare på naturressursane, seier Frode Meinich, eigedomsdirektør i Statsbygg.

Mørklagde blir blant anna Operaen, Gamlehaugen, Eidsvollbygningen, tinghusa i Tromsø og Drammen, Universitetet i Stavanger, høgskolebygga i Førde og Stord og Justisbygget i Kristiansand.

Ein del av løysinga

- Bygg står for 30 prosent av alle klimagassutslipp, forbruker 40 prosent av verdas energi og er ein del av løysinga for å bidra til å redde miljøet, seier Meinich.

Her sløkkjer vi lyset

Stiftsgården
Tinghuset i Tromsø
Nofima
Statsarkivet i Trondheim
Trondheim tinghus
Høgskolevegen 12 (NTNU)
Gamlehaugen, Bergen
HVL, Høgskolen på Vestlandet, Kronstad (tidligere HiB)
Tinghuset i Bergen
Lindøy ungdomssenter
Villa rød ungdomssenter
Statped vest Eikelund
Norges handelshøgskole
Universitetet i Stavanger
HVL, Rommetveit
Bergenhus
HVL, Førde
Statens hus i Leikanger (DIFI)
Justisbygget i Kristiansand
Raumyr transittsenter, Kongsberg
Drammen tinghus
Porsgrunn tollbod
Operaen
Villa Grande
Eidsvollsbygningen
Justervesenet
Østfold ungdoms og familiesenter avd. Kurland, Sarpsborg
Regjeringskvartalet - G-blokka
Møllergata 19
Oslo tinghus
Victoria Terrasse
Borg barne- og familiesenter avd. Tune ungdomshjem

×