Studentar hackar fram framtidsbygg

Publisert 11.10.2017

Statsbygg er ein av fleire aktørar bak arrangementet Living Lab: BIM + IoT Hackathon på NTNU i Trondheim.

Studentar med teknisk kompetanse og kunnskap og interesse for bygg, sensorar, data og kunstig intelligens er inviterte til Hackathon med høve til å treffe aktuelle aktørar frå bransjen. Her vil studentane, gjennom ei helg, få sjansen til å jobbe med prosjekt og løysingar for byggjenæringa og ikkje minst få prøve ut ny teknologi. Nysgjerrige studentar kan lære meir om BIM og IoT (digitale tvillingar av bygg og sensorar), og raskt teste ut sine idear. Dei blir inviterte til å hacke fram forslag til korleis ein kan bruke sensorar og kunstig intelligens for å revolusjonere bygg i framtida.

Digital byggjenæring
Statsbygg deltek med prosjektet Digibygg som har som mål å fremje bruken av digitalisering og smart-teknologi i Statsbyggs byggjeprosjekt. Statsbygg ønskjer å leggje til rette for dei banebrytande endringane og innovasjonane som ikkje lèt seg gjere i eit tradisjonelt byggjeprosjekt. Vi har behov for ny kompetanse og inviterer til samarbeid med studentar for å finne dei innovative løysingane.

– Den digitale og teknologiske revolusjonen er her. Skal byggjebransjen klare omstillingane, må gjennomføringsmodellar og kontraktstandardar endrast slik at dei underbyggjer digitale prosessar. I tillegg må vi bruke teknologi tidleg i prosjekta våre. Roller og kultur vil bli radikalt endra framover. Vi må gå frå digitale verktøy til digitale prosessar og fokusere på teknologi, seier Jan Myhre som er Statsbyggs prosjektdirektør for Digibygg.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner seier det er svært gledeleg at NTNU og mellom andre Statsbygg inviterer til Hackathon for studentane sine. – Meir enn nokon gong treng vi smarte løysingar og ny teknologi for å møte utfordringane som kjem. Byggjebransjen treng både innovasjon og auka produktivitet. Vi veit at digitalisering bidreg til betre samarbeid, lågare kostnader og høgare kvalitet, seier Sanner.

Les meir om arrangementet her

Det nye Teknologibygget Statsbygg har bygd for NTNU, skal brukast som eksempel under Hackathon.

Fakta

Hackathon – workshop og idékonkurranse for utviklarar, designarar, gründerar og andre om nye software-prosjekt. Omgrepet er laga av «hack», brukt som utviklingsprogrammering, og «marathon».

Stad: FRAM, 3. etasje i Gamle fysikk, NTNU

Dato: 13.–15. oktober 2017

×