Studentar produserer straum

Publisert 13.03.2017

Det nye studenthuset i Porsgrunn som blir opna 14. mars blir straumprodusent.

– Studenthuset har solceller på taket som vil produsere 55 000 kWh årleg. Det betyr at studentane langt på veg blir sjølvforsynte med straum, seier prosjektleiar Reidar Søbstad i Statsbygg.

Det er eit såkalla passivhus, som inneber løysingar for å redusere straumbehovet og har oppnådd høgaste energimerke.

Elektrisk

Også ein del av aktivitetane i det nye klimabygget blir elektriske. Studentane ved Høgskolen i Søraust-Noreg (HSN) har fått eit kulturhus med scene, sal og backstageområde for mellom anna konsertar. I tillegg er det kafé, mesanin, to barar, øvingsrom, grupperom og kontor for studentdemokratiet.

Campus Porsgrunn har ikkje hatt eige studenthus på campusen før, og bygget vil dermed vere eit godt tilskot til studentmiljøet i byen. Det er ope både på dagtid og kveldstid.

Opning

Tysdag 14. mars er det klart for offisiell opning. Då skal fungerande regiondirektør Magnus Hallaråker i Statsbygg overlevere nybygget til rektor Petter Aasen og studentane ved Campus Porsgrunn.

Tid og stad

Dato: tysdag 14. mars
Tid: kl. 12.00
Sted: Kjølnes ring 56, Porsgrunn

×