Trepris til administrasjonsbygget på Evenstad

Publisert 06.04.2017

Bruk av massivtre var avgjerande då Statsbygg vann Treprisen for Innlandet, som blei delt ut av Hedmark og Oppland fylkeskommunar tysdag 4. april. 

Nullutsleppsbygget er Noregs mest klimavennlege bygg etter standarden ZEB-COM og stod ferdig i januar i år. Byggjeprosjektet var eit pilotprosjekt, der eitt av måla var at bygget skulle trekkje vekslar på alle fordelar bruk av tre kan gi.

– Klimaendringane er ei av dei aller største utfordringane i vår tid, og i Statsbygg ser vi det som ein del av samfunnsoppdraget vårt å drive forsking som kan komme heile byggjenæringa til gode. Vi er takknemlege over å få Treprisen, og det er hyggjeleg å få anerkjenning for dette bygget som vi er så stolte av, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg.

Unikt byggjeprosjekt

Juryen trekkjer fram at administrasjonsbygget på Evenstad er eit svært moderne massivtrebygg med mange innovative løysingar både når det gjeld materialval og energiløysingar:

«Det er først og fremst på grunn av materialvalget i bygget at kandidaten tildeles prisen. I tillegg til massivtre i selve bygningskroppen er det brukt trefiberisolasjon i veggene. Dette kombinert med innovative energiløsninger og et bredt samarbeid mellom flere utviklingsaktører gjør byggeprosjektet unikt.»

Godt samarbeid

Administrasjonsbygget er ein del av Campus Evenstad, som er ein studiestad for skogbruk, berekraft og økologi ved Høgskolen i Innlandet. Dette er det tredje bygget på campus som Statsbygg har vore byggherre for. Statsbygg driftar og held ved like alle bygga på studiestaden.

Høgskolen i Innlandet, som er brukaren av bygget, har vore ein viktig samarbeidspartnar for Statsbygg.

– Utan ein brukar som ser nytten av gode og miljøvennlege løysingar, hadde vi ikkje hatt moglegheit til å reise eit bygg som dette. Vi har hatt gleda av å samarbeide med eit høgst kompetent fagmiljø, som sjølv har forska på berekraft. Det har heilt klart vore ein fordel i prosjektet. No ønskjer vi å bruke denne prisen på å forske vidare på miljøtiltak her, i samarbeid med høgskolen, seier Njaa Aschim.

Bilettekst: Kristin S. Gangås, Campus Evenstad, Dag Rønning fylkesordførar i Hedmark , Inger-Johanne Tollaas, Statsbygg, Even Aleksander Hagen fylkesordførar i Oppland , Tor S. Rugsveen, Statsbygg og Harry Andreassen, Campus Evenstad

×