Ulykkesfrekvensen halvert

Publisert 14.03.2017

Talet på arbeidsulykker har gått kraftig ned på Statsbyggs byggjeplassar – samtidig med historisk høg aktivitet.

Statsbygg registrerer ulykker på byggjeplassane sine som er så alvorlege at dei fører til sjukefråvær. No er tala for 2016 klare. Hyppigheita av slike ulykker blei meir enn halvert i fjor (sjå faktaboks).

Auka innsats

– Vi har auka innsatsen mot målet vårt om at alle skal komme trygt heim frå jobb. Det går i riktig retning og viser at det nyttar å jobbe målretta for å få ned ulykkestala, seier Statsbyggs byggherredirektør, Synnøve Lyssand Sandberg.

Det var rekordhøg byggjeaktivitet i Statsbygg i fjor. Totalt blei det utført 2,5 millionar arbeidstimar – ein auke på 47 prosent frå året før. Samtidig har altså ulykkeskurva peikt nedover.

Null ulykker

Statsbygg har forplikta seg til å jobbe for visjonen om null skadar og ulykker på byggjeplassane. Og i fjor blei det registrert null fråværsskadar blant arbeidarar på i alt 61 av 71 byggjeplassar.

Nullen blei oppnådd mellom anna på byggjeplassen for nytt nasjonalmuseum i Oslo, Universitetet i Nordland, tilbygg for Statens vegvesen i Steinkjer, modulfengsel på Ullersmo, ved restaureringa av Rosenkrantztårnet i Bergen og av Kaarstadbygget i Volda og på mange andre byggjeplassar.

Strengare krav

– Strengare krav til entreprenørar som byggjer for oss, hyppige vernerundar på byggjeplassane og eit intensivert samarbeid med skattestyresmaktene for å kjempe mot useriøse aktørar har gitt resultat, seier Sandberg i Statsbygg.

På dei andre byggjeplassane var skadenivået òg lågt – og det blei registrert i alt berre 15 fråværsskadar. Ulykkene kjem særleg av fall og fallande gjenstandar, men ingen av arbeidarane blei alvorleg skadde.

– Framleis skjer det ulykker. Vi må strekkje oss endå lenger for redusere risikoen på byggjeplassane, seier Sandberg.

Slik måler vi

H1-verdi blir brukt som mål på skadeomfanget på byggjeplassane og viser tal på arbeidsrelaterte personskadar med fråvær, per million arbeidstimar.

Hyppigheita av slike ulykker blei meir enn halvert på Statsbyggs byggjeplassar i fjor.

– For kvar million arbeidstimar blei det i 2016 registrert seks arbeidsulykker.
I 2015 var tilsvarande tal på Statsbyggs byggjeplassar 12,9.

×