Ti anbefalte strakstiltak

Publisert 14.03.2017

Dette er dei ti anbefalte strakstiltaka for små og store byggeigarar, frå Eiendomssektorens veikart mot 2050.

  1. Miljøsertifisere organisasjonen (ISO 14001 eller Miljøfyrtårn for mindre bedrifter)
  2. Fjerne fossil oppvarming (olje og gass), også til topplast
  3. Berre kjøpe bygningsprodukt utan innhald av helse- og miljøfarlege stoff
  4. Innføre miljøleiingssystem, for eksempel ein BREEAM-In-Use-gjennomgang, på heile porteføljen og setje opp plan for kontinuerleg betring av bygga
  5. Gjennomføre ei utgreiing om kva takflatene kan og bør brukast til, for eksempel handtering av overvatn, energiproduksjon, rekreasjonsareal eller birøkt
  6. Premiere innovative løysingar og diskutere risikohandtering, for eksempel gjennom å setje av ein eigen post i budsjettet for risiko ved utprøving av nye løysingar
  7. Krevje at arkitekten lagar ein plan for korleis materiala kan demonterast og brukast på nytt ved ombygging eller riving og prøve å finne løysingar og materiale som gir minst mogleg avfall
  8. Bestille energibudsjett for berekna reell energibruk (i tillegg til berekningskrav i TEK) og dokumentasjon av kva tiltak som er gjorde for å få ned forventa reell energibruk i drift av bygget
  9. Etterspørje og prioritere bygningsprodukt som har låge klimagassutslepp (dokumentert gjennom EPD (Environmental Product Declaration)
  10. Etterspørje fossilfri byggjeplass

Sjå heile vegkartet:

Eiendomssektorens veikart mot 2050. Grønn Byggallianse og Norsk Eiendom. Juni 2016

×