Skriv ut med undersider

22. juli 2018: Opning av mellombels minnestad

Publisert 20.07.2018

22. juli 2018 blir markert med opning av den mellombelse nasjonale minnestaden i regjeringskvartalet, høgmesse i Oslo domkyrkje og arrangement på Utøya.

Statsbygg har vore byggherre for den mellombelse minnestaden i regjeringskvartalet på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Minnestaden er forma av 3RW arkitekter AS.

Minnestaden er lagd framfor Høgblokka i Lindealléen på Johan Nygaardsvolds plass og rett på utsida av det kommande byggjegjerdet for nybygga i regjeringskvartalet. Hovudelementet er namneveggen, laga av ein transparent akrylvegg, med namn og alder på alle som blei drepne 22. juli 2011. 

Glas og lys

Glas og lys er gjennomgåande tema i utforminga. Namneveggen er ramma inn av to glasplater på kvar side og vil bli lyssette på kveldstid av åtte lysarmaturar som er plasserte bak veggen. Glas har vore eit viktig symbol for korleis mange opplevde hendinga i regjeringskvartalet 22. juli. Derfor har ein ønskt å nytte dette materialet. 

Minnestaden består av ein kvadratisk ringmur på 15 x 15 meter som rammar inn minnestaden, område med glasgrus og trea som høyrer til enden av Lindealléen. Det er brukt 17 kubikkmeter resirkulert glas som er tromla til glasgrus, 50 kubikkmeter betong og 150 meter med LED-lys. 

Området vil etter kvart bli ein stor byggjeplass, så det er sett opp nokre element som vil bli starten på byggjegjerdet til den kommande byggjeplassen. Trea er verna mot det tromla glaset det er omgitt av, ved hjelp av stålrammer rundt rota.

Her finn du programmet for minnesmarkeringane. 

Kontaktperson:

Jo Ulltveit-Moe
Ass. prosjektdirektør
Mob. 93468630
Send e-post
Stig Petter Pettersen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 99561535
Send e-post
×