Opna nybygg for medisin og helsefag

Publisert 16.08.2018

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet – har opna nybygget for medisin og helsefag – MH2.

Under opningsseremonien overleverte byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg nybygget til Kunnskapsdepartementet ved forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø. Ho stilte det nye bygget til disposisjon for rektor ved UiT Noregs arktiske universitet Anne Husebekk.

Plass til 950 studentar

Med nybygget har medisin- og helsefag til saman 19 504 m2 ved universitetet. Totalt er det plass til ca. 950 studentar og 200 tilsette. MH2 inkluderer nybygg i tilknyting til eksisterande Avdeling for komparativ medisin. Bygget består av undervisningsareal, teknisk kompliserte forskingsareal, nye auditorium, moderne arbeidsareal for studentane, studenthage, kafé og vrimleareal – i tillegg til administrasjonsareal inkludert eit servicetorg. Alle areala er i dag i prøvedrift og er delvis tekne i bruk.

Nybygget er tilpassa eit eksisterande bygg og korresponderer med dette slik at MH-bygga blir opplevde som ei eining.

Tre forskjellige kontraktar

I januar 2014 fekk Statsbygg i oppdrag å starte detaljprosjektering med etterfølgjande byggjearbeid for prosjektet. Prosjektet fekk ei styringsramme på om lag 1,2 milliardar.
Grunnarbeid blei gjennomført frå februar 2015 til januar 2016, med Alf Brekken og sønner AS som entreprenør. Nybygget og rehabiliteringa av Avdeling for komparativ medisin (AKM) blei gjennomført januar 2016 til juni 2018, som ein generalentreprise med PEAB Bjørn Bygg som entreprenør. PEAB Bjørn Bygg er òg entreprenør i totalentreprisen for ombygging/renovering av ca. 1500 m2 på det opphavlege MH-bygget som hadde oppstart i april 2017.

Kontakt:

×