• Bobledekket mellom etasjene på Campus Ås gir stor miljøgevinst fordi man trenger mye mindre betong.

Bli med og løys Byggfloken!

Publisert 13.09.2018

19 konsept for ei meir berekraftig bygg-, anlegg- og eigedomsnæring blir lansert i dag. 

Bygg-, anlegg- og eigedomsnæringa set årleg om for 600 milliardar kroner, men står òg for 40 prosent av dei samla klimagassutsleppa i Noreg. Byggjenæringa sysselset ein kvart million menneske, men har hatt låg produktivitetsvekst dei seinaste 20 åra.
No har Statsbygg gått saman med ei rekkje andre aktørar for å finne ut korleis det kan skapast ny og berekraftig vekst ved å gå frå lineær- til sirkulærøkonomi.

I innovasjonsprogrammet Byggfloken har deltakarane det seinaste halvåret utarbeidd ei oversikt over utfordringane i dagens verdikjede. Saman har dei utvikla 19 konsept for ei meir berekraftig næring.

Torsdag 13. september blir desse konsepta lanserte på Bankplassen 4 i Oslo. Over 300 personar er så langt påmelde.

– Eg håper prosjektet vil inspirere andre bransjar. Satsinga føyer seg inn i ein europeisk tendens der bygg-, anlegg- og eigedomsbransjen trer fram som føregangssektor på sirkulærøkonomi, seier Harald Nikolaissen, administrerande direktør i Statsbygg.

Dei 19 konsepta fell inn under hovudtemaa bestillingar, gjenbruk og berekraftig drift. Samtidig vil digitalisering vere sentralt for å drive innovasjon.

Program

12.00: Utforske konsept.
12.30: Hei, Sirkulær økonomi v/Cathrine Barth, Circular Norway. Hvis teknologi er svaret, hva er da spørsmålet? v/Sindre Østgård, Konsern. Om Byggfloken v/Mads Bruun Høy, Æra. En portefølje med mange svar v/Anett Andreassen, Statsbygg, Ida Winge Andersen, Rebuilding og Solveig Irgens, Direktoratet for byggkvalitet. Reformater v/Kirsti Strømstad, Æra.
13.10: Parallelle presentasjonar av alle konsepta.
14.30: Grønn vekst i byggebransjen v/Per Espen Stoknes, BI. Nøkkel til en bedre bestilling v/adm.dir. Harald Nikolaisen, Statsbygg.
15:30: Avslutning.

Om arrangementet

Tid: Torsdag 13. september kl. 12.00–15.30

Sted: Bankplassen 4 (tidlegare Samtidskunstmuseet)

Om byggfloken

– Nemninga floke blir brukt i innovasjonsfaget om utfordringar som verken bransje eller samfunnet kan løyse åleine. Tidlegare norske flokeprogram har mellom anna sett på nye løysingar for å redusere matsvinn, forureining og bruk av plast.

– Bak Byggfloken står Statsbygg, buildingSMART, Æra Strategic Innovation og Circular Norway og 22 andre aktørar innanfor kommersiell, offentleg og frivillig verksemd.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×