Byggjekrav krev oppfølging

Publisert 09.03.2018

Strenge reglar mot juks og sosial dumping i byggjebransjen er svært viktig. Men det viktigaste er at reglane blir følgde opp.

Administrerande direktør Harald Nikolaisen skriv dette i ein kronikk:

Oslo kommune har gjort som Statsbygg og går føre i byggjebransjen.
Til Aftenposten fortel finansbyråd Robert Steen at han innfører dei strengaste krava i landet til faste tilsetjingar, faglært arbeidskraft og lærlingar for å kjempe mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Bra!

Men i tillegg til å innføre klare regler er det viktig å ha system på plass for å sjekke at dei faktisk blir følgde.

Historie frå verkelegheita

Eg har lyst til å dele ei historie om ein entreprenør som ikkje hadde planar om å oppfylle prosentkravet vi stiller om at ein stor del av arbeidarane i eit byggjeprosjekt skal vere faglærte.

To dagar før arbeida skulle starte opp, orienterte entreprenøren om at det ikkje ville bli nytta faglærte. Entreprenøren meinte at kontraktarbeidet ikkje var omfatta i utdanningsprogrammet for bygg- og anleggsteknikk.

Prosjektleiaren kontakta leiinga. Vi vurderte ulike løysingar og henta inn råd og hjelp frå arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane. Vi konkluderte med at det var uaktuelt å fråvike kravet om faglærte.

Statsbygg heldt på kravet og utsette oppstarten til saka blei løyst. I ytste konsekvensen ville vi heva kontrakten. Entreprenøren aksepterte vurderinga vår, og arbeida starta med faglærte åtte dagar etter at situasjonen oppstod. Prosjektet blei ferdig til avtalt tid.

Menneske og haldningar

Episoden minner oss i Statsbygg om at reglar til sist ikkje handlar om paragrafar, bøter eller sanksjonar. Dei handlar om menneske og haldningar – og tydelege reaksjonar når reglar blir brotne eller krav ikkje blir innfridde. Då må vi ha menneske med kompetanse, haldningar og mot slik at vi sikrar at reglane blir følgde ute på anleggsplassane.

Som ein av dei første i landet innførte Statsbygg for tre år sidan betydeleg skjerpa seriøsitetskrav. No skal vi evaluere om det vi har gjort, har vore riktig, og om det har vore nok. Vi skal sjå på alt frå kontrolltiltak og krav til oppfølgingar og rapporteringar. I dette arbeidet vil modellen til Oslo kommune vere éin av dei vi ser til.

Statsbygg har gått føre i arbeidet med å krevje mykje av dei vi gir oppdrag til, og med å følgje opp dersom krava ikkje blir møtte. Det skal vi halde fram med òg!

Harald Nikolaisen, administrerande direktør Statsbygg

×